ERFARING

OM ARNE KVARVEN


Kvarven er ein ettertrakta songar som har hatt suksess både som tenor i det klassiske musikkfeltet og songar i dei populære sjangrar. Songaren er kritikerrost for sin unike formidlingsevne og autentisitet i framføringar sine. Kvarven driv også med songundervisning og er utdanna musikklærar på lektornivå. 



UTDANNING


  • Master i Klassisk utøvande song
  • Bachelor i Klassisk utøvande song
  • Praktisk pedagogisk utdanning

ARNE KVARVEN

SONGAREN

SENTRALE ERFARINGAR

 

2022

Kvarven gir ut sitt andre album, hevdar seg i internasjonal songkonkurranse og syng tenorpartiet i Mozart si Kroningsmesse.

Kvarven gir ut albumet "Einsamflygar - ei hyllest til Kenneth Sivertsen" og heldt platesleppsturné i Bergen og Bømlo. Songaren kvalifiserer seg og hevdar seg i den internasjonale songkonkurransen Stenhammar Competition i Sverige. Kvarven syng også tenorsolistpartiet i Mozart si kroningsmesse saman med Stordkoret og orkester med musikarar frå Stavanger symfoniorkester. 


2021

Arne spelar inn album med musikk av Kenneth Sivertsen.

Songaren får med seg saksofonist Ole Jacob Hystad, pianist Håkon Tolås, gitarist Knut-Martin Langeland Rasmussen samt ein strykekvartett frå Griegakademiet, og spelar inn sitt andre album. Ein av songane, " Det var ein gong", blei utgitt same året.


2020

Kvarven heldt konsert i Moster Amfi.

Arne Kvarven heldt konsert på den store utescenen i Moster Amfi, som er scenen for nokre av dei største musikaloppsetjingane landet har å by på, saman med Joakim Vikanes og Håkon Tolås. Konserten var sett opp for å minna den lokale komponisten Kenneth Sivertsen, og innhaldt musikk av Sivertsen. Konserten hausta gode kritikkar: 


https://www.bomlo-nytt.no/kultur/mektig-mostramusikk/


2019

Arne Kvarven gir ut sitt fyrste klassiske album

Albumet "Diktarkjærleik - Ei attdikting" av Arne Kvarven, innheld heile songsyklusen "Dichterliebe" av Robert Schumann, men med nynorske tekstar Kvarven har skrive. 


Lenkje til albumet på Spotify: 

https://open.spotify.com/album/43z0bN1fa1hDMJVd7pVI7y?si=LHtTONr8QgCmp7HWSz_mCA



2018

 

Song Grieg på direktesendt TV

 
Song "Ingebjørg" og "Ragna" frå Opus 44 av E. Grieg på direktesendt NRK under Grieg-minutt for minutt.

 

 

Innspeling av Diktarkjærleik - sin eigen versjon av R. Schumanns "Dichterliebe" gjendikta til nynorsk. 

 

I samarbeid med poeten Einar Økland og Professor i nordisk Helge Sandøy har Kvarven gjendikta tekstane R. Schumann brukar i sitt verk "Dichterliebe", til nynorsk. Dette har i sin heilskap aldri vore gjort før. Innspelinga har planlagt utgivning ila 2019


2017


Eigenarrangerte julekonsertar går for fulle hus.


For fjerde år på gjekk julekonsertane med Kvarven i Trioen "Tre på Tvers" for fulle hus. Dette året fekk også trioen knallgod anmelding i bladet Sunnhordland (trykk for å sjå).

 

2016


"Stand in" for Njål Sparbo i J. Brahms "Ein Deutches Requiem".


På svært kort varsling vart Kvarven engasjert som "Stand in" solist med Ann Helen Moen som sopran, kor og orkester i Korskirken, Bergen. 


Song Sivertsen i hyllestkonsert


Songaren blei tiltrudd oppgåva å tolke nokre av Kenneth Sivertsen sine sentrale viser i under komponistens hyllestprogram "Three Days in December".


2015


Song Evangelist og tenorsolistpartiet i Bach sitt "Weinachtsoratorium" 


Oratoriet blei framført med orkester, Janna Vettergren, Andreas Skei og Maria Bersås i Korskirken


2014


Song tenorsolistpartiet i Mozart sitt " Requiem"


Kvarven song Tenorpartiet i Mozarts "Requiem", med Stordkoret, orkester og solistane Trond Halstein Moe, Ann Helen Moen og Janna Vettergren.

 

PRISAR OG UTMERKINGAR 

 

2013

1. pris i NINA SOLO Competition

 

 

2014

Kenneth Sivertsen prisen


2015

Kvartfinaleplass i International LiedDuo Competition i Nederland


 2022

Kvalifiserer seg til Stenhammar International Singing Competition i Sverige.